GOAL!
Handling: Santiago Munez var ein liten gut som budde i Mexico. Heilt til han og familia hans immigrerte, ulovleg, til USA. Her jobbar Santiago heile tida for å ha pengar til å overleve. Han bur saman med ein liten bror, bestemor og far hans. Santiago elskar fotball, og er ganske god og, men kan ikkje få ei karriere innan det i Amerika, sidan han ikkje har gått college [noko som sikkert har noko å gjere med det faktum at han er der ulovleg].
Han spelar på eit lokalt lag, og ein dag er det ei eks-stjerne frå Newcastle som oppdagar han, heilt tilfeldig. Dette utviklar seg etter kvart til at eks-stjerna finn ut at denne guten SKAL få prøve seg profesjonellt i England, og han snakkar med kontaktane sine, og får gjort sånn at om Santiago kjem til England så får han prøve seg.
Men det å komme til England er jo ikkje så enkelt, det kostar masse pengar, og det har ikkje Santiago.
SJÅ FILMEN
Vurdering: Ah...kva kan eg seie...sterk 5'ar eller svak 6'ar, eg klarer ikkje å bestemme meg [det skal GANSKE mykje til for at ein film fortjenar 6.]
SJÅ DEN!